Trening i vektløftarhallen
Vektløftarhallen er open for trening for mosjonistar i alle aldrar som har lyst å trene styrke. I dag er det ei fin blanding av unge og vaksne frå 14-15 år til nærare 70 år som trenar på dagtid og kveldstid i hallen. Vi har plass til fleire.
Dette fungerer slik at ein får ei nøkkelbrikke og kan låse seg inn og trene når det høver. Frå måndag til fredag mellom klokka 17.00 og 19.30 er det vektløftargruppa som disponerer hallen, og då kan ikkje andre trene. I helgane har vektløftargruppa ei trening laurdagane mellom klokka 11.00 og 13.00.
For dei over 18 år kostar det 2000 kroner for eit heilt år, og for dei under 18 år kostar det 750 kroner for eit år. Dette blir fakturert gjennom Min idrett.
Alle over 18 år får brikke i sitt namn og trenar som dei vil. Dei mellom 16 år og 18 år kan trene åleine, men nøkkelbrikka må stå på føresette sitt namn. Dei under 16 år som ynskjer å trene i hallen, må trene saman med føresette eller andre som er over 18 år, og nøkkelbrikka står på føresette. Dette på grunn av tryggleik, vi vil ikkje at nokon skal skade seg under trening.
Om du vil trene styrke i hallen registrerer du deg på Min idrett, og så tek du kontakt med Jørn Helgheim på tlf. 47 34 89 51, så sørger han for nøkkelbrikke til deg.
Copyright © Med enerett